Bybonden
  • Aktuelt
  • Dyrking for dummies
  • Om Bybonden
  • Kontakt

Om Bybonden​

Bybonden har mange oppgåver innan urbant landbruk, og den viktigaste er å få fleire til å dyrke mat i den fine byen vår. Inspirasjon, kursing, nettversbygging og rådgiving er litt av det bybonden kan gjere for deg. 

Urbant landbruk handlar om tre ting: Matproduksjon, læring og inkludering. Matproduksjon i byen kan vere høner i hagen, dyrking i vinduskarm, bier på taket og mykje meir. Å lære kvar maten kjem ifrå, og å lære å dyrke skjer i skulehagar, på kurs og på foredrag, som Bybonden held i mange former for ulike forsamlingar. Å dyrke saman gir følelse av meistring og det gir ein følelse av å høyre til. Dyrking er eit av våre beste verktøy for å skape samhørighet i nabolaget, i burettslaget eller på skulen. 

Bybonden skal også vere der for dei store og små bynære bøndene. I og rundt Bergen finns det svært mange flinke og innovative bønder som produserer mat av høg kvalitet og med nydelig smak.

Bybonden har arbeidsstad på Lystgården på Landås, som er eit senter for mat og berekraft. Stiftelsen Lystgården, med Bærekraftige liv-nettverket er prosjektleiar for prosjektet, og Bybonden er ansatt hjå Bondelaget i Hordaland.

​Ida Kleppe vart ansatt som Bybonde i Bergen i november 2018. Bybonde Ida står også bak dokumentarfilmen ”Utan mat og drikke” (NRK 2017). I denne filmen spiser ho og familien berre norsk mat i ein heil månad.
​

Bybonden sine aktivitetar

Kurs

Bybonden arrangerer gjennom året ulike kurs. Både i undervisnings-parsellen her på Lystgården, men også rundt i burettslag, skular – eller der du er. Vil du Bybonden skal lage et kurs for akkurat deg og dine naboar? Då er det berre å ta kontakt eller følgje med i kalenderen for komande arrangement og kurs.  ​ 
For dei som bur i burettslag kan Bybonden vere med på å rådgje i forhold til mogelege dyrkingsareal og måtar å organisere dyrking på fellesområde.

​Bybonden arrangerar kurs for alle nivå! I 2019 vert dei fleste kursa arrangert på Landås, men Bybonden skal etterkart også arrangere kurs i ander bydelar. På våren er det kurs i mellom anna dyrking og hønsehald, og på hausten kjem det kurs i pølselaging, kompostering og kanskje partering og sylting.

Vis meir Vis mindre

Synfaring og vegleiing

Lag, organisasjonar, bedrifter og skular kan booke foredrag med Bybonden. Ho kan snakke om urbant landbruk, om dei gode effektane av å dyrke, korleis få det til og liknande. Spør gjerne også om andre tema innan kortreist mat og matplanter som hønsehald i hagen, kompostering og oppstart av nabolagshagar.

Skulehagar

Vi trur barn si nysgjerrigheit, glede og omsorgsevne får blomstre ved å lære seg å dyrke. Med den nye læreplanen kan skulehagen bli integrert i mange fag og potensialet er uendeleg. Bybonden har sesongen 2021 ei heilheitleg satsning sammen med Bergen kommune, og vi jobber med å vidareføre dette prosjektet.

Inspirasjon og kunnskap

På Facebook og Instagram får du tips til dyrking på liten plass, på naturen sine premisser og matplanter som også kan fungere som pryd. Vi inspirerer også til dyrking av matplanter i vinduskarm, på balkong, i pallekarm og hage. ​

Foredrag

Ein viktig del av Bybonden sitt arbeid inkluderer det å gi råd og idear til korleis ein kan dyrke i burettslag, bedrifter, og nabolagshagar. Vil du at Bybonden skal kome på synfaring eller bidra med vegleiing må du gjerne kontakte Bybonden!

Lokale bønder

Bynære bønder har ofte mykje å tilby den urbane befolkninga; opplevingar, mat og andre produkt.  Bybonden er med på å formidle kontakt mellom bynære bønder og byfolk, og å legger til rette for meir kontakt og samarbeid mellom by og landbruk.
Picture
Picture
Picture
Picture
Picture
© OPPHAVSRETT 2019: ALLE RETTIGHETER FORBEHOLDT.
  • Aktuelt
  • Dyrking for dummies
  • Om Bybonden
  • Kontakt