5 praktiske dyrkingsråd for deg som ikkje har dyrka så mykje før
Kvar veranda, kvar hage og kvar plante er ulik, og treng derfor ulik behandling. Men Bybonden prøver seg likevel på fem tips til småskala dyrking:
1: Planlegg kva du vil dyrke. Når vert det modent? Når er du heime? Kor lang tid tek det? Kva likar du å ete? Det er ikkje lurt å bruke masse tid og krefter på chilli visst du ikkje likar sterk mat, ei heller på kålrot visst du berre et det ein gong i året.
2: Tenk på kvar du vil dyrke: Er det potet, så er det fint med litt plass. Er det solvendt og lunt, så kan du ha planter som tomat, paprika og agurk – elles vil desse uansett trivest inne i solvendt vindauge. Er det avgrensa med sol og utsett for vind, så må du heller satse på kålplanter, sukkererter og bær. Hugs at plantene gjerne vil vere akkurat der du vil vere: i den lune, herlige solkroken.
3: God jord og gjødning: Bruk god jord! Bland gjerne med kompost om du har det, eller bland i kompostert kugjødsel som du finn på hagesenteret.
4: Drenering: For mykje vatn er neste verre enn for lite vatn. Vatnet må kunne renne vekk frå potter, verandakasser, pallekarmar og åkrar.
5: Øving gjer meister! Begynn med det enkle: potet, sukkerert, grønkål og blomar som du kan ha i salat eller til pynt: blomkarse, ringblomst og lavendel. Så kan du utvide år etter år. Om du startar med altfor mykje fyrste året, så er det lett å oppgitt, men om du derimot lykkast fyrste året, så veks entusiasmen i takt med talet på planter!
Masse lykke til!